Gneisten , Seim


Gneisten er for born i 5.-7.klasse. Me held til på Seim bedehus, der vi har vore gjennom  ca.50 år.

Gneisten er ein viktig del av barne- og ungdomsarbeidet på Seim. Me vil at borna skal kome til ein trygg stad med leik og moro, men og med opplæring i kristen tru. Vi har eit fast opplegg stort sett kvar samling med andakt, litt song, enkel servering av mat og drikke, ei lita utlodding, fellesleikar, spel og moglegheit til å velje kva ein vil vere med på. Her er det mykje latter!
På vårparten har vi ein flott basar, open for alle. Datoen kjem vi attende til over nyttår.
Det er alltid minst to vaksne med på kvar samling saman med nokre ungdommar. Alt vert drive på dugnad.

Gneisten et tilslutta NLM-ung. Vi tek difor kr. 50,- i kontingent pr. halvår, på den måten får vi statsstøtte. Dei som ikkje vil vere medlemmer er sjølvsagt like velkomne. Her er det rom for alle! Ikkje-medlemmer må betale 10 kr. kvar gong dei kjem.

Leiar: Sissel Bjørke, T 92841760